« Ord over grind » Haldis Moren Vesaas

book

«Kun to Ting var Livet værd: Kærligheden og de Øjeblikke, da Poesien steg ned til dig,» seier den danske diktaren Paul la Cour.

Hans ord. Så absolutt ikkje mine. Lista over dei ting som for meg var Livet værd ville bli så lang at det er mest praktisk å seie det så kort og godt som det er: Livet har vore livet verdt. Dei dikta som gjennom åra «steg ned» til meg har da Og vore eit slags biprodukt av det å leve. Har den nøyaste samanheng med det, utan derfor å vere referat. Når livet bruste som høgst i ein, i lykke eller smerte, vart diktet til, gjorde teneste som ein ventil, rett og slett, som i den fosskokande gryta vi lærte om i fysikktimane da vi var små. I tider da det berre bobla så pent og passeleg i livsens gryte, vart det ingen dikt, eller i alle fall svært få. Dei melde seg ikkje da, og som regel nyttar det lite å mane dei fram.

Details

Language Norwegian
Author Haldis Moren Vesaas
Year Den norske Bokklubben, 1965
First Published 1965

Information was most recently updated Mon May 11 17:56:14 2026