« Ein roman om kjærleiken og om døden » Knut Hauge

book

Knut Hauge som står midt oppe i arbeidet med det store verket Sagaen om Ulfsætta, som hittil er kome med seks band ‒ kjem i år med ei bok frå ei anna tid og eit anna miljø. Denne foregår på Radiumhospitalet, der ingeniør Rune Horjen blir lagt inn på eit seksmannsrom, og får ein hard og langvarig kamp med å akseptere sin eigen lagnad, gjera opp med si inngrodde mannsrolle, og finne fram til ein annan kjærleik enn den han har kjent og dyrka. Sentralt i boka står fru Mathilde Horjen, og prosjektøren blir også i tur og orden retta mot dei fem romkameratene som kvar har sin individuelle kamp å føre fram.

Mange vil identifisere seg med personane her, og finne seg att i situasjonen og miljøet på dette hospitalet som ikkje berre er eit «Dødens hus», men som også gjev mange helsa og livsmotet igjen.

Det er heller inga deprimerende bok. Her er fine streif av ljos og poesi, ja til og med av humor. Men attom alt går ein sterk understrøm av alvoret ved å måtte ta farvel med livet og koma overeins med døden. Dette er ei vesentleg bok som går direkte inn i dagens situasjon, og som også gjev døden den plass den har krav på i eit menneskes liv.

Details

Language Norwegian
Author Knut Hauge
Year Den norske Bokklubben, 1979
First Published 1976
ISBN 82-525-0553-8
Goodreads ID 19571645
Open Library ID OL4638803M
Library of Congress Control Number 77470642

Information was most recently updated Mon May 11 17:26:04 2026