« Året har ingen vår » Alfred Hauge

book

Året har ingen vår kom ut første gong i 1948 og var Alfred Hauges gjennombrotsroman. Det er ei ætteskildring frå Ryfylke på slutten av 1800–talet.

Vi møter Anton Person Løland frå Borgøy som legg ut på friarferd – og kjem attende med Mallin. Hardt slit og tunge røynsler er det som ventar den unge brura på Løland. På garden herskar Brønla, mor til Anton, som med tida kan rekne åtte borneborn med til undersåttane sine.

Det er ei politisk uroleg tid som også er prega av religiøse vekkjingar, noko som får alvorlege verknader for livet på Løland. Mallin vert plaga av tankar om synd og skuld, og det er lita hjelp å få hos dei som skulle vera nærast til det. Kring familien på Løland har Alfred Hauge bygd opp eit stort galleri av bygdefolk som han skildrar med både humor og medkjensle. Ei mengd fine naturbilete er òg med i vevnaden hans.

Året har ingen vår er den første boka i trebindsromanen om Lølandsfolket, men kan lesast som ein sjølvstendig roman.

Details

Series Lølandsfolket #1
Language mul
Author Alfred Hauge
Year Den Norsk Bokklubbem, 1978
First Published 1948
ISBN 82-525-0533-3
Goodreads ID 29604337
Google Books ID 4b3gzAEACAAJ
Online Computer Library Center ID 481024812

Information was most recently updated Mon May 11 17:51:48 2026